Follabloggen

Velkommen til min blogg

Blåbær II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 16. juli , 2024

  •  

Blåbær II

Vi veit no at blåbær er bra for det meste. Eg veit ikkje om det er rett å kategorisere det som medsin, men det det er godt for kroppen, for immunforsvaret, for blodet, hjarte osv. Når det gjeld sjølve aktiviteten, samlinga av bæra er det også bra for kroppen.  Den første bærturen var på innmarka, såvidt ut om slåttemarka. 2 liter. Det gav meirsmak. Då barst det opp i mot Sunndalsåsen. Vi fann fulle dei kjeralda vi hadde med, men var vi nøgde? 

Sjølvsagt var vi ikkje ferdigplukka. Då var sjølve blåbærmarka neste, Sunndalssætra. 

For nokre år sidan vart det bygt veg tyngste delen av vegen dit. Bratt veg, snøgt å kome seg til feltet. Det var nesten meir blått enn grønt så det tok ikkje meir enn to timar før vi hadde fyllt alle kara.

Det vart reinsking då vi kom heim. Brukte støvsugarmetoden, men det måtte meir reinsking til så reinskearbeidet heldt fram på søndagen. Ikkje nett rette måten å bruke søndagen på, men vi orsaka oss med at grannen dreiv og slo ho mest han vann. Då vi ar ferdige med reinskinga, ville ungefolket til fjells dei også. Det var snakk om å grille, men det skulle plukkast. Vi tok det med ro, men la i veg etter ei god stund. Då vi kom til støylen var gjengen i full gang, store og små. Toåringen brukte sjølvsagt ikkje bærplukkar, men putta vel bæra i munnen.

Eg hadde ikkje tenkte å plukke, heller ikkje kona. Då eg fann nokre få molter, fekk eg giren i meg og la i veg den bratte bakken ovanfor setra. Kona vart med. Vi måtte skunde oss for det truga med regn. 

Diverre vart det ikkje stor fangst, men ialle fall nok til pynt på ei bløtkake til jul.

Den unge familien hadde vondt for å slutte plukkinga, dei var hekta!

No er det andre bærsortar som står for tur

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.