Follabloggen

Velkommen til min blogg

Berre blåbær I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 15. juli , 2024

Berre blåbær I

Dei siste dagane har det vore blåbærsanking. Uttrykket «berre blåbær» tyder at det er noko lett eller enkelt, ukomplisert. Å plukke blåbær er enkelt, viss det finst noko å plukke.

2024 kan kallast eit blåbærår, eit kronår til og med. Ein fantastisk mai månad med sommarvarme, gjorde at vi kunne finne mogne blåbær ei veke før sankt hans.

Eg har alltid likt å sikre eit godt forråd med blåbær. Slik var det i heimen eg vaks opp i på femtitalet, og slik har det vore i heimen her på Sunndalsfolla.

I gamle, gamle dagar var det bjørn i skogane her og. Bamsefar var glad i blåbær har eg lært. Han visste nok at det var godt, og kroppen hans ville også ha godt av vitaminer og gode verknader på kroppen.

Faren min meinte at blåbær var godt for synet. Det kan nok vere, og lækjarvitskapen fortel at det er godt for hjarte m.a. Noja, vi tenkjer vel mest på kva vi synest er godt å ete og drikke.

Det er ikkje sjølvsagt at blåbæra har god kvalitet. Det har vore år då ein har måtta kaste ein stor del av bæra fordi dei har vore halvrotne. Her er det veret og temperaturen som ha vore lite gunstig.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.