Det er mange tankar som melder seg. Det er mai og vår, varme dagar og kaldare innimellom. Det er ganske tørt. Vi må passe på og vatne det vi plantar ut.
Våren kom brått. Skogen står grøn og frisk. Gauken gjel, ropar ut sitt ko-ko. Høyrde han også oppe i fjellet i dag då vi var på tur opp på ei seter.
Midt opp i at det er vår er det pinse. Ordet tyder "femtiande" får vi vite. Det tyder femtiande etter påskedag. Jesus stod opp påskedag. Han hadde lova læresveinane at han ville sende Talsmannen. Ti dagar etter at han steig opp til sin Far i himmelen. kom Anden. No er Anden overalt på jorda.Tilgjengeleg.
Anden forkynner Jesus. Han vil fylle oss med sin fred om vi slepper han til.
Livet på jorda er både åndeleg og fysisk. Vi er lever i jordiske kår medan vi er her på jorda. Vi kan glede oss over skaparverket ein vakker vårdag med nytt liv rundt oss. Men vi veit vel at det er mangt som hender og ikkje alt er godt i oss og omkring oss. Gud sende sin hjelpar og han er tilgjengeleg for alle som tek i mot.