Jon Torgeirson Barstad er den einaste mellom forfedrane mine med
eit utnamn. Eg reknar med at han visste at han hadde dette utnamnet.
I mange tilfelle vert utnamn sagt "bak ryggen til folk".
Jon vart fødd i 1658 på Barstad i Ørsta. Dette var i dansketida og
Jon var utskriven soldat. Om det var i strid eller ved eit uhell
veit eg ikkje, men han vart skada og det var helen det gjekk utover.
Etter det var han nok ikkje stridsfør. Soga fortel ikkje kvar Jon var
då han vart såra.
Det var visstnok slik at ein soldat den gongen kunne få ein gard i
løn av kongen. Garden var Sunndalsfolden, inst i Austefjorden.
Kva år Jon Torgeirson kom til Sunndalsfolla, er ikkje skrive nokon
stad, men soga fortel at då han kom inn i stova på garden, så slo han
sabelen i den store takbjelken. Dette var nok ei markering
av overtakinga.
Jon kom ikkje åleine, han hadde ei kone som heitte Brit.
Det er ikkje så rart at ein kan lure litt på kva som skjedde med dei
som var på bruket då Jon vart jordeigar. Jon fekk fleire born og
Ivar, den eldste, vart bonde etter Jon. Garden vart heitande Iva-
garden. Ivar var visstnok også soldat.