Hus i ein globe
Det er rart å å tenkje på alle slags hus som har funnest, og som finst. Dyr i vill tilstand har gjerne eit bol eller ein vereplass, men det er annleis med mennesket. Dyra har vel ikkje fantasi til å skape seg nye former fo bustad medan mennesket finn opp stendig nye fascilitetar.
Sist skreiv eg om det storeSALT- kunstprosjektet på Sandhornøya i Gildeskål. På same øya finst eit toppmoderne hus som i omriss kan minne om ein igloo. Sjølve huset inne i glasgloben er laga av eit slag betong, stampa leire i blanding med sand og strå. Men som du ser er der også treverk. Huset er oppvarma med vassboren varme og det skal også kome solfangarar opp mot glastaket. Mellom globen og huskroppen var det som eit drivhus der familien som budde der dyrka ulike vekstar.
Vi fekk kome og sjå dette huset innvendig, og der var heimekoseleg og praktisk. Vertsfolket, ei ung familie, serverte oss vegetarlunsj.
Eg ser at det er planar om å sende folk til Mars i om ca 10 år. Då må det lagast kunstig atmosfære og kanskje kan eit hus der sjå omlag slik ut.