Hugseliste

HUGSELISTE

I går såg eg ei hugseliste som gjorde inntrykk. Lista fortalde mykje om den som laga henne og endå meir om ein livsstil og krava til livsopphald.. Lista heng på eit spiskammers i eit eldre hus der ingen bur fast lenger. Huset ligg på ei øy inne i ein fjord. Her er fleire hus, alle med sin funksjon og si historie. Når du bur på ei øy, renn du ikkje på buda når det er tomt for ei vare. Du må tenkje litt langsiktig. Viss du greier lese det som står på lista, forstår du at dei som budde her baka sine eigne brød. No veit eg ein god del om dei som budde he, ikkje minst om den siste som var fastbuande. Mannen levde eit sunt liv og vart 97 år. Siste åra budde han ikkje her om vinteren. Dei som no eig øya, tek godt vare på minna etter dei som levde her og syter for at hus og jordveg vert halde i god stand.

Legg merke til kva som er over handlelista. Systemet i lista reknar eg med du forstår.

011 (2)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.