Follabloggen

Velkommen til min blogg

Alfakrøll

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 7. juni , 2012

Eg lurer på kvifor det framleis er folk som seier alfakrøll. Det får meg til å tenkje at personar som elles er oppgåande og til og med brukar stemma si i radioen rett så ofte, ikkje vil endre språkbruken sin. Det heiter krøllalfa på norsk og snabel- a på dansk. Ei av dei mest gjengse tydingane av @ er /hos/.  Mi epostadresse har mitt kjenneteikn, og så kjem domenenamnet etter krøllalfa. Krøllen er rumpa på a-en, eller alfaen (alfa er første bokstaven i det latinske alfabetet).

Det er elles mange krøllar i det språket ein vert utsett for av folk i media og andre stader. Kva kjem det av at det er så mange som driv og stiller spørsmålsteikn? Eg synest det er greitt at folk stiller spørsmål, men ikkje at dei stiller spørsmålsteikn. Spørsmålsteiknet kjem berre fram i skrift som eit teikn på at det er ei spørjesetning.

Kva vits er det i at eg kjem med desse to små utblåsingane? Truleg er det ingen av mine lesarar som treng å lese det, men det er berre så godt å få sagt det!

1 kommentar »

  1. idunn Said,

    juni 9, 2012 @ 13:05

    :-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php