Knurr
Eg likar å fiske, men eg er slett ingen ihuga fiskar. Det vart litt sjødrift i går sidan Solgunn og Tue var på besøk, og dei alltid vil ut på sjøen og fiske.
For litt sidan gramma eg meg over at det ikkje fanst fisk i sjøen, men i går fekk eg inn i båten min to fiskesortar eg ikkje har sett der før. Den første viste seg å vere ei lita brosme som hadde forvilla seg opp frå sitt vanlege habitat på djupt vatn. Så var det to knurrar som fekk reisepass. Dette trudde eg var ein ufisk, men i dag les eg på Wikipedia at det er ein god matfisk. Uffa då, eg som ikkje brukar å kaste mat!
Det vanka elles ein brukbar småtorsk, eit par småseiar og ein liten lyr. Komne heim kunne vi så lage til eit godt fiskmåltid. Tenk om knurren også hadde fått ligge på fiskefatet med sitt kvite og faste kjøt. Neste gong eg får ein knurrande fisk i båten, skal han få bli med heim.
Idunn Said,
september 4, 2011 @ 17:11
Likte så godt formuleringane dine i dag at eg måtte lese bloggen to gongar :)