Dilemma

Å ha eit dilemma kan vere eit val mellom pest og kolera. Då har vi det på det verste! Men det finst grader av dilemma, heldigvis. Vi kan gjerne slå fast at kvar dag kan ha sitt dilemma.

Det kan gjere livet meir fargerikt når vi har eit dilemma. Valet må gjerast. Å ikkje falle ned på eitt av dei to alternativa, er også eit val. Ordet alternativ tyder at ein har valet mellom to utfall. Ergo er det feil å snakke om 3 eller fire alternativ!.

Mitt dilemma i dag er at eg sit i ei valnemnd. Alle som har site i ei valnemnd, veit at her er det mogleg med dilemma.

Trudde at eg skulle få broren min inn på fast plass i dette styret. Då kunne ikkje eg vere aktuell som medlem i styret.  No vil ikkje han sitje som fast, og då har eg brått ikkje noko argument for å nekte å vere med i dette styret. Men så synest eg ikkje at det er greitt at vi tre som sit i valnemnda skal føreslå folk i valnemnda som styrerepresentant. Eg har faktisk ein ide om korleis dette kan handterast. Det er no snakk om at vi manglar ein representant med personleg vara. Å kaste ballen over til årsmøtet er sjølvsagt ein måte å gjere det på. Så kan det kome benkeframlegg på folk som sit i valnemnda.

Så får vi sjå om det dukkar opp fleire dilemma i løpet av dagen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.