Telefontrøbbel

Telefonen er viktig. Verkar ikkje telefonen, er ein ille ute. Reven har fleire utgangar frå hiet. Slik er det også her i huset. I dag verkar ikkje fasttelefonen. Du får berre gå og skaffe deg ein ny sa  den lokale stemma hos leverandøren av IP-telefon og Internett. Kjøp deg ein telefon med livstidsgaranti. Javel, så fåreg ta meg ein tur til Euronics i morgon. Så får eg basere meg på mobiltelefonen så lenge. Diverre var det nesten straumlaust der i dag. Eg kan sjølvsagt sende ei melding på FB eller ein mail, men kven sit og sjekkar der heile tida?

Sende ei melding til kona som jobbar på Bratteberg.-Ring meg! Ho så gjorde. -Her verkar ikkje noko , fekk eg vite, korkje telefon eller Internett. Teknikken er sårbar. Mobilen er sanneleg eit framsteg. No er det mange som berre har det, og ikkje fasttelefon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.