Vanleg dag

Overskrifta er feil! Det finst ingen vanleg dag. Alle dagar er annleis. Dagen i dag er søndag. Det er ein dag for kvile og rekreasjon. Sist veke har ikkje vore vanleg viss vi skal bruke det ordet. Vi har skifta kalender og har kome til den 9. dagen i 2011. For to dagar sidan var det ei gravferd som samla heile bygda til eit farvel. Ein tidlegare kollega ein markant person i bygda har stige inn i æva.

Det er framleis vinter, men termometeret ute viser i dag +5 grader. Sprengkulden vart ikkje med inn i det nye året. Det er heller ikkje nedbør i lufta i dag. Skulle prøvd skiene for første gong i år, men eg vel å ta det med ro, få restane av influensaen ut av kroppen. I går kveld tok vi ein tur, eit lite juleselskap, og samstundes sa vi «ha det» til den vesle familien som reiser tilbake til Australia ein av første dagane.

Ein vanleg søndag tyder også ein tur i det fri, men altså innedag og tid for meir refleksjon og gjerne litt titting på sporten i TV.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.