Hau- Knut

Han fekk mange år på jorda, meir enn 94. No er han reist. Dei siste åra var nok ikkje lette. det var slike år som Preikaren skriv om. Syn og høyrsle vart borte, kroppen vart meir og meir ei bør.

Eg hugsar då han var i si velmakt. Han var ein mann som hadde mange interesser og var glad i folk, ein sosial person. Han var kjend for sin treskurd. Han kunne lage fine treskeier og gaflar med akantusmønster i skaftet. Stø på handa måtte han vere, men då alderdommen kom vart han skjelven og det vart slutt på treskjeringa. Men vi har produkt han laga, mange har det.

Han var også hesteinteressert, hadde hingst og sulky. Han prøvde seg også som skulptør, skar ut hest i tre. Interessene hans gjekk utover det heimlege. To gonger var han i Amerika. Han hadde vener som heldt kontakt. No er det fleire år sidan eg gjesta han på Hjørundfjordheimen  der han var dei siste åra.Knut var friluftsmann, glad i naturen, det måtte vere tungt å bli gammal.

Eg vil minnast Knut for det han var som menneske og slektning, søskenbarn til mor var han. No er det to att av den store barneflokken som vaks opp på Skjåstad, eller Haugen som vi seier. Han stifta aldri familie. Dei yngste på Skjåstaddalen kjenner nok ikkje til Knut. Husa i Hauen står tomme, men eg tenkjer på dei som budde der kvar gong eg fer framom. Faren hans, Hau- Jeppe, var bror til bestefaren min. Han vart enkjemann tidleg med ein stor barneflokk. Jetmund som han heitte, gifte seg opp att med Kalla. Henne hugsar eg som eit snilt menneske.  Hugsar at vi var i juleselskap i Hauen då vi var små, fekk julekaker. I morgon skal Knut førast til den siste kvilestaden, på Bjørke. Signe minnet hans.!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.