Tyggis

Uovervinneleg som tyggegummi! Berre den som har kjempa mot uvesenet veit kva det inneber.  Kan hugse ein kollega som var særleg aggressiv når det gjaldt tyggegummi. Han starta gjerne timen med å gå mellom pultradene med bosbøtta. «Spytt ut!» Nokre valde å svelje ned. Veit ikkje om dei gjorde som drøvtyggarane  og gulpa det opp att etter fem minutt.

No ja, eg har no togge litt eg og, men ikkje i elevars påsyn. I den første tida var tyggis meir usunt enn no, må vite, då inneheldt det sukker. «Toy» var eit kjent merke frå min tidlegaste ungdom. Tyggegummi er godt ei stund, men så vert kjakane mine trøytte, eg er ikkje skapt til å tygge drøv. Så ser eg dum nok ut frå før om eg ikkje skal forsterke inntrykket med geivling.

Dei som har opplevd meg i klasserommet, vil kanskje seie at eg ikkje var den mest ihuga tyggisoppsamlaren. Tykte det var viktigare å kome i gang med noko produktivt. Såg ein ikkje at kjakane rørte seg meir enn normalt, fekk det vere. Dei som togg med open munn og bles bobler, fekk nok merknad, men elles …, nei, eg har nok oversett både det eine og det andre tyggisbrotsverket.  Reinhaldar og vaktmeister har nok sett meir tyggegummi enn dei likar, klyser under stolsete og bordplater.

Skal tru korleis det er no, i skulen?

1 kommentar

  1. eg kan då rekke opp handa og fortelle at eg hadde eit år pause med tyggis… men eg trur ikkje det var pga lærarane…
    har kunne du lagt ut blåseboble bilda av systrene mine… dei fargerike tyggisane

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.