Attelit

Ordet attelit står ikkje i ordboka.Vi som brukar nynorsk, eller skal vi heller seie dialekt, går gjerne rundt med eit attelit for eitt eller anna. Bekymring er eit dårleg ord på nynorsk og det dekkjer heller ikkje heilt kva som ligg i eit atteli.

Når du har attelit så tenkjer du gjerne på noko eller nokon. Korleis er det med han eller henne, eller korleis er det med vatnet i kjellaren? I det siste tilfellet tenkjer du gjerne at vatnet kan fryse, og at du burde gjere noko slik at det ikkje vert vass-skade.

Eg har også høyrt at eldre folk seier at dei attelitar på at dei ikkje gjorde det eller det. Då er det noko vi angrar på, eller som plagar oss.

Det er ikkje godt å gå med eit attelit, men det er også eit bra teikn at vi kan ha attelit for det syner gjerne at vi bryr oss.

I dag har eg attelit for to personar eg tenkjer på. Eg veit at det for kvar av dei er ein viktig og avgjerande dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.