Stjerna

Då eg var liten( Hjelp, det er lenge sidan! ), trudde eg at stjernene var små. Far og mor var store, men stjernene var helst pittesmå. I dag veit eg noko anna.

I haust har eg lagt merke til to stjerner. Dei er samstundes planetar. Dei er langt borte, men dei går rundt same sola, Jupiter og Venus! Jupiter når det kveldar, Venus om morgonen i søraust. Dei har namn etter framande gudar. Det er himmellekamar som mennesket har sett opp på i fleire tusen år, og undrast.

Betlehemstjerna var ein himmellekam som synte seg for vismennene i Mesopotamia. Vitskapsfolk har grunda på kva som var denne stjerna som fekk vismennene til å leite. Ei stjerne ein kunne sjå   nokre veker. Ho  flytta seg vestover, ja det er ikkje ulogisk når sola gjer det same fordi jorda snurrar austover.

Det var kan hende to stjerner som stod så tett i lag at dei såg ut som ei. Ein teori går ut på at det var Venus og Jupiter som stod så tett i lag at dei såg ut som ei. Det skal visstnok ha skjedd 2 år f. Kr. Då er ikkje tidsrekninga vår rett, seier du og det stemmer nok det. Vi er vel helst 6 år for seint ute i høve Kristi fødsel. Men då stemmer det ikkje med den stjerneobservasjonen.  Vi kan gjerne grunde vidare, men eigenleg er stjerna  for oss eit symbol på han som vart fødd i ein stall i Betlehem. Vi finn ikkje denne stjerna om vi glanar på himmelen til det går trill rundt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.