Julesongar

Ein julesong kan vere ein julesalme, julesong eller julevise. I praksis vert dei ulike sjangrane oppfatta som julesongar.

Eg har mine favorittar. Sidan er er nokre år gammal, har eg lært ganske mange julesongar utanboks. Det er rart med det, eg har lært somme songar på to målføre, nynorsk og bokmål. Sjølvsagt har eg også engelske songtekstar innabords.

Dei fleste julesongane eg kan, har eg lært ved å synge dei. Trur ikkje eg har pugga ein einaste ein. Sidan eg syng i kor, skulle ein tru at eg går rundt og syng  julesongar for meg sjølv, men nei. Det vert heller til at eg høyrer ein cd eller har musikken på øyra (Ipod).

Eg likar å synge julesongar i lag med andre. Då prøver eg å tenkje etter kva eg syng om. Dei som kjenner meg trur nok at julesongfavoritten min er på nynorsk, men det er feil. Her er første verset:

» Nu vandrer fra hver en verdens krok.

i ånden frem, i ånden frem,

 et uoverskulelig pilgrimstog, mot Betlhem, mot Betlehem.»

Eg er ingen tilhengjar av julesongar som ikkje har noko med jula å gjere. Nissesongar og songar om myser og rotter,

har ikkje noko med jula å gjere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.