Frostige uttrykk

«Dæ kallt!» Viss vi tenkjer etter er det somt vi seier, men vanskeleg kan skrive utan å få spørsmål til oppklaring. Vi seier forresten også «Dæ fole varmt!»I talespråket  treng ikkje alltid bry oss med å ta med verbet for å bli forstått.

«Anj æ kalde». Kven er denne han? Veret er så viktig at det blir som ein person, av hannkjønn!

«Dæ kaldsnækje i dag!» Eg har ikkje røkt etter kva dette snækje tyder, men eg opp lever at kulden ligg rundt ein og snik seg inn alle stader. Når eg ligg i senga og lettar litt på dyna, så snik kulden seg inn.

Eg synest også det er litt artig med karakteristikkar i samband med kulden. «Din frostnavar!» I dag er det vel mange som ikkje veit at det er ein slags bor. Det finst fleire nedsetjnde uttrykk på frostige personar som frostpist og  frostkrakje. Dei som brukar slike ord, går kanskje rundt med blåfrosne hender i berre t-skjorta.

I dag er det ca -10 her på Sundalsfolla og kaldare skal det bli. Eg trur sprengkulde er med det sterkaste ein kan tenkje seg, men gnallefrost er ikkje mykje ringare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.