Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Frostige uttrykk

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 25. november , 2010

«Dæ kallt!» Viss vi tenkjer etter er det somt vi seier, men vanskeleg kan skrive utan å få spørsmål til oppklaring. Vi seier forresten også «Dæ fole varmt!»I talespråket  treng ikkje alltid bry oss med å ta med verbet for å bli forstått. «Anj æ kalde». Kven er denne han? Veret er så viktig at […]

Tran

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 24. november , 2010

Eg drikk tran kvar dag. Det gjer eg ikkje først og fremst fordi eg er redd for ei forkjøling, men fordi det er noko som heiter vitaminar. Gjennom tran får ein i seg A, D og E vitamin. Sanasol høyrer også med for då er C- vitamintilskotet på plass også. Gløymde visst at Omega 3 […]

Lopradag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 23. november , 2010

Eg er opplært til å vere i aktivitet. Du skal halde på med noke heile tida. Pausar er lov, men latskap og sladakestell er ikkje godteke. Er det ein dag du ikkje veit kva du skal gjere, så får du finne på noko. Gå ut på tunet og spark småsteina, få nevane ut av bukselommene […]

Uri Geller

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 22. november , 2010

Så dukka han sanneleg opp att, denne fyren som gjev seg ut for å gjere storverk med tankekraft. Er han ein sjarlatan, eller er det reelt at han ved hjelp av tankeenergi får skeier til å krulle seg og øydelagde klokker til å gå? Såg at han var på alternativmessa på Lillestrøm. Der løfta tre […]

Døra

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 21. november , 2010

Det er søndag i dag, men eg tenkjer likevel på den døra eg streva med å setje inn i går. Det er ofte bra å ha nokon i lag med seg når ein skal gjere noko  viktig, og noko ein ikkje har gjort særleg mykje av før, som å setje inn ei ny dør.  Prøvde […]

Det glatte lag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 19. november , 2010

Tid for litt språkprat igjen. Vi brukar mange faste uttrykk utan å vite kva dei tyder. Uttrykket» det glatte lag» skriv seg frå marinen i gamle dagar. Når ein fyrte av alle kanonene på babord eller styrbord side, gav ein det glatte lag. Ein fyrte av alt ein hadde mot noko eller nokon. Parallellen til […]

Musefella

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 18. november , 2010

Er det nokon som likar å ha mus i veggen? Finst der eit lite hol ein plass, kjem musa seg inn i huset. Når kulda set inn, prøver også dei små gnagarane å finne husly og mat. Det er mange historier om mus som kjem inn i hus. Eg hugsar fleire episodar, men i dag […]

Keers pink

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 17. november , 2010

Keers pink er ein del av mi historie, mitt liv frå barnsbein av. Eg vaks opp på keers pink og noko attåt. No har eg ikkje gløymt Pimpernell og Beate, men keers pink er dronninga. Eg møtte deg om hausten i åkeren, var med og  sette knollar i jorda om våren, og fann deg nesten […]

Slakt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 17. november , 2010

I dag vert det litt om språket vårt og spesielt det som vert brukt i media. Det er ein viss skilnad på språket i dei offisielle nyhendesendingane på radio og TV og avisene. I dei trykte media finn vi ein del sterke språkuttrykk som ikkje vert nytta i radio og TV. Eg tenkjer særleg på […]

Gamle dagar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 16. november , 2010

Er det lenge sidan gamle dagar? Umogleg å svare på. Kva som har vorte gamle dagar er vanskeleg å avgrense.  Det kjem også an på alderen på den som svarar. Kan vi seie at det som var før mi tid var  gamle dagar? Eg har gjort meg opp ei meining. Gamle dagar var i naturalhushaldet […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php