Keers pink er ein del av mi historie, mitt liv frå barnsbein av. Eg vaks opp på keers pink og noko attåt. No har eg ikkje gløymt Pimpernell og Beate, men keers pink er dronninga. Eg møtte deg om hausten i åkeren, var med og sette knollar i jorda om våren, og fann deg nesten dagleg på middagsbordet. Du har vore, saman med alle dei andre potetsortane, eit naudsynt næringsmiddel! Ein julemiddag utan keers pink vert feil. Frk. Pimpernell har bode på konkurranse og har innsmigra seg, men eg har aldri svikta deg og din mjølne konsistens perfekt i lag med saueribbene.
I dag var det og keers pink saman med julepølse og vossakorv. Denne knollen med opplagsnæring har ikkje svekka vitet, men tvertom vore til kveik og nytt mot. Et berre pastaen din du, eg held meg til keers pink!