Lys og mørker er sentrale motiv i adventstida. Juletreet er eit relativt seint element i julefeiringa og juletre med lys ute er eit moderne fenomen som er mogleg med elektrisiteten. Her på Sunndalsfolla har vi hatt lys i eit grantre nokre år. Det treet du ser her er henta frå skogen og er ferdig med si gjerning når denne jula er over. Legg merke til at det ikkje er snø på bakken. Når det er snø, vert det ei heilt anna oppleving med juletre ute med lys. No er det vel dei som tenkjer at vi er for tidleg ute med juletre og julelys alt no. Då er det gjerne på sin plass å avslutte med eit vers av ein julesong:
«Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld,
og tusene barnehender mot himmelen ljosa held.»
Denne kjende og kjære julesongen vart skriven ein varm sommardag.
Takk for kommentaren! Kjekt at nokon les😀
Hei Harald! Veldig kjekt å lese det du skriv ! Eg er liksom i Austefjorden på besøk! 😍 Ynskjer dokke ei fortsatt god adventstid.
Klem fra Gyrid