1. juledag er høgtidsdag og meir høgtidleg enn andre. Eg lærte tidleg at på denne dagen gjekk vi ikkje gardimellom, vi heldt oss heime. I dag er det nok ikkje slik mange stader, men her er det slik. Det einaste vi kan gjere av utfart, er kyrkjegang. Gang og gang, det vert helst til at ein køyrer. I dag er det elles opp i måtet kaldt, -18 nede i bakkane!
Det vart ei høgtidleg stund i kyrkja. Austekor song, sjølv utan altar. Presten var inspirert og fekk fram bodskapen. Denne dagen handhelsar vi på kvarandre med «God jul»! Slik skal det vere og då helsar ein også på ukjende om dei finst.
Eg brukar å heise flagget 1. juledag, og måka meg fram til flaggstonga. Det vart vendereis utan flaggheising i dag. Flaggsnora hadde frose fast heilt til topps!
Kva eg fekk i julegåver i går kveld, er ikkje så viktig, men eg har lyst å nemne det nye fotoapparatet kona og eg fekk av borna. Trur eg tek meg ein tur ut no og prøver det, sjølv om det er første dag jul, ja, kanskje nettopp difor. Dei største borna er komne ut og skal kanskje ake eller prøve skiene.