Julemoro

Veslejulaftan morgon. Ein av dei små julegjestane reiv ned treet vi pynta i gårkveld. Treet vart reist opp igjen og restar av knust pynt vart kasta i bosset. Det var rikeleg med kuler igjen og lysa var i orden.

Snart kjem det fleire gjester, trur dei er like om hjørnet. Om ein times tid reiser dei flete av oss til Bjørke for eit julebad i basseng. Det ser eg fram til. Etter ein times symjetur er eg klar for julefeiring.

Dei største borna er særleg kreative. Dei øver til eit juleshow. Dei har dramatisk nerve og er flinke å synge. I går kveld på pittelisjejulaftan sette vi oss ned og øvde litt på eit nytt spel vi har fått i hus. Det skal bli ein del av julemoroa. Eit puslespel med 1500 bitar ventar også. Elles skal vi gå rundt treet og synge til vi vi blir hese og svimle.

Sidan vi blir ganske mange, er  også ei mengd med pakkar komne i hus. Det vert litt av ein seanse når alle skal opnast i morgon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.