Blankis

Etter kulde og snø kjem det før eller seinare mildverspriodar. Då vert det is på vegen og farleg glatt. Då er det betre å setje seg i bilen og køyre i staden for å gå. Men det er ikkje problemfritt å køyre heller når det er så glatt. Det må sandast på så glatte vegar , seier du. Ja, sand er bra det på is.

I dag gjekk eg ein tur for første gong i år. Tenk det, og vi er komne midt ut i januar. Kona ville ha meg med på tur, på den isete vegen, klink is med litt sandkorn. Kva kom ho ikkje dragande med, noko ho ville ha under føtene mine, eit par broddar! No har eg gått Sundalen rundt på brodder for første gong. Godt feste og ingen fare for å gli. Det var ei billeg sikring; du kan få eit par brodder til 10o kr. Billeg helseforsikring. Utan brodder kunne det blitt beinbrot, -og det er slett ikkje billeg.

Brodder og refleks er bra, og ikkje berre for eldre menneske, for alle. Viss eg ikkje hadde brodder på meg , ville det tene med skeiser også. Då vi var ungar , på bygda sjølvsagt, hende det at vi til og med gjekk på skeiser på vegen. Det var i den tida det mest ikkje var bilar.

Snakka med ein som er litt eldre enn meg, i går var det visst. Han skulle kjøpe fuglefrø i Ørsta. Det var ikkje å oppdrive.

Han kjøpte seg ein rattkjelke istaden. Det er nokon mellom oss som held seg unge, i alle fall i sinnet. Eg har rattkjelke i garasjen, men eg ville ikkje våge meg ut på vegen i desse dagar med rattkjelke. Takke meg til broddar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.