Papirlaust

Korleis kan folk bu i landet i årevis utan å ha papira i orden? Kva slag papir har eg sjølv, forresten. Dåpsattest har eg. Den syner at eg fødd i 1944 i Volda av mor Ingeborg og far Per. Så har eg bankkort som syner at eg har konto i banken og kan ta ut pengar i minibanken t.d. Så har eg jobba nærare 40 år i landet og skaffa meg pensjonspoeng. No tærer eg på opparbeida rettar. Ja, så har eg pass, rettare eg hadde pass til 23 des. no er det gått ut. Skal eg til utlandet ein tur må eg fornye det. Eg har også papir på at eg er gift, ja, eg har vore gift i over 40 år.

Eg treng ikkje leite etter papira mine. Ingen spør heller etter dei. Eg har eit personnummer, det er berre mitt og det må eg eg ikkje gje vekk til kven som helst. Det er min identitet i landet.

Men så høyrer vi at det er mange som bur i landet som ikkje har papir, dei manglar rettar til å vere i landet. Kvifor er dei då framleis her?

Den saka som no er oppe og som engasjerer mange, er ikkje så enkel som FB-aksjonar og folkelege demonstrasjonar vil ha det til. Eg forstår veldig godt Stoltenberg som må passe på at lova vert handheva. Likevel må det vere noko som er riv ruskande gale når folk kan vere i landet i årevis utan å ha dei meste grunnleggande rettane. Her burde det vore rydda opp før. Du må vere laga av gråstein viss du ikkje får medynk med ho som no skal kastast ut av landet. Går det ikkje an å ordne det slik at vi ikkje kjem opp i slike dilemma. Eg berre spør.

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.