Follabloggen

Velkommen til min blogg

Fole styr

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - tirsdag 13. september , 2011

Ei eldre kone i bygda var hos legen og opplevde det nok litt meir enn vanleg  stressande. Til slutt kom det: «For et styr!» Ho tenkte ikkje på kva legen heitte, men han var kjapp i replikken og sa alvorleg: «Det er jeg som er Styr.»

No er det eit styr rundt i kongeriket. Etter valet skal kommunene og fylkestinga konstituerast. Det er ikkje berre styr, men også det som etter gammalt vert kalla hestehandel. Eg veit kva det handlar om, men det er i år 12 år sidan eg sjølv var midt oppe i forhandlinga om verv og posisjonar. No sit eg på sidelina, men er framleis oppteken av korleis det går i mi kommune.

Straks noko er meir oppkava enn normalen, så er det styr. Då gjeld det ofte å halde roa sjølv om det kan vere vanskeleg. Det gjeld også å halde tunga beint i munnen når det er eit styr. Ein må ikkje minst passe på å styre tunga. Av og til bør ein også ta på seg pokermaska. Det siste har eg aldri vore flink til.

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    september 13, 2011 @ 19:15

    Så sant, så sant ;)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php