Fole styr
Ei eldre kone i bygda var hos legen og opplevde det nok litt meir enn vanleg stressande. Til slutt kom det: «For et styr!» Ho tenkte ikkje på kva legen heitte, men han var kjapp i replikken og sa alvorleg: «Det er jeg som er Styr.»
No er det eit styr rundt i kongeriket. Etter valet skal kommunene og fylkestinga konstituerast. Det er ikkje berre styr, men også det som etter gammalt vert kalla hestehandel. Eg veit kva det handlar om, men det er i år 12 år sidan eg sjølv var midt oppe i forhandlinga om verv og posisjonar. No sit eg på sidelina, men er framleis oppteken av korleis det går i mi kommune.
Straks noko er meir oppkava enn normalen, så er det styr. Då gjeld det ofte å halde roa sjølv om det kan vere vanskeleg. Det gjeld også å halde tunga beint i munnen når det er eit styr. Ein må ikkje minst passe på å styre tunga. Av og til bør ein også ta på seg pokermaska. Det siste har eg aldri vore flink til.

Idunn Said,
september 13, 2011 @ 19:15
Så sant, så sant ;)