Ein rusta spikar og 10 cent
Det var grunnen til at vaskemaskina har stått stille i fleire veker, ein 3 tomms -spikar og eit pengestykke, mest truleg berre det første. I dag fekk vi besøk av ein som kan det med å løyse tekniske problem. Etter eit traust måltid med potetball, var det tid for å finne ut kvifor vaskemaskina ikkje ville gå. Nei, vi visste kvar problemet sat, men vi vegra oss mot å sende maskina til verkstaden att. Då vart det funne fleire spikrar i lofilteret, og ymse anna lommerusk.
Det heiter visst at den kloke lærer av eigne feil, noko den dumme aldri gjer. Her i huset er det berre ein som har skulda viss det skjer igjen. Det er den personen som går rundt med diverse i lommene sine, og ikkje sjekkar kva som ligg der før plagget hamnar i skitnetøykorga. Ein gong putta eg ein varmedress i vaskemaskina. Det låg ein mobiltelefon i brystlomma. Telefonen var forresten like god etter vasken. Då er det eit anna ordtak som høver: «Den som har lukke, treng ikkje vit.»

Idunn Said,
juni 28, 2011 @ 19:26
Hihi!:) Godt at de fekk i gang maskina igjen. Blir nok ein del vasking i andre halvdel av juli iallefall. Espen sa i dag: Jeg tror det blir mye sol når vi skal være i Austefjorden.