Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein rusta spikar og 10 cent

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - tirsdag 28. juni , 2011

Det var grunnen til at vaskemaskina har stått stille i fleire veker, ein 3 tomms -spikar og eit pengestykke, mest truleg berre det første. I dag fekk vi besøk  av ein  som kan det med å løyse tekniske problem. Etter eit traust måltid med potetball, var det tid for å finne ut kvifor vaskemaskina ikkje ville gå.  Nei, vi visste kvar problemet sat, men vi vegra oss mot å sende maskina til verkstaden att. Då vart  det funne  fleire spikrar i lofilteret, og ymse anna lommerusk.

Det heiter visst at den kloke lærer av eigne feil, noko den dumme aldri gjer. Her i huset er det berre ein som har skulda viss det skjer igjen. Det er  den personen som går rundt med diverse i lommene sine, og ikkje sjekkar kva som ligg der før plagget hamnar i skitnetøykorga. Ein gong putta eg ein varmedress i vaskemaskina. Det låg ein mobiltelefon i brystlomma. Telefonen var forresten  like god etter vasken. Då er det eit anna ordtak som høver: «Den som har lukke, treng ikkje vit.»

 

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    juni 28, 2011 @ 19:26

    Hihi!:) Godt at de fekk i gang maskina igjen. Blir nok ein del vasking i andre halvdel av juli iallefall. Espen sa i dag: Jeg tror det blir mye sol når vi skal være i Austefjorden.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php