Follabloggen

Velkommen til min blogg

Om å gå i fotspor

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - mandag 9. mai , 2011

Det vert stundom sagt at nokon går i fotspora til foreldra. Det er tøv. Ingen kan gå i fotspora til nokon. Du set sjølv dine spor. Sjøl om du går inn i det same yrket som faren din har eller hadde, så gjer du andre val. Du er ikkje ein kloning av foreldra dine. Jau, eg forstår kva folk meiner når dei seier det, men i praksis er det heilt uråd.

Eg har prøvd å gå i andre sine fotspor i snøen og merkar straks at fotspora bak er annleis enn dei som ligg framanfor. Sjølvom ein tek på seg skor av same storleik, greier ein ikkje å plante foten nett der ein skulle for ikkje å avsløre seg.

Overskrifta er eit døme på tilhøve som ikkje må takast heilt bokstavleg.  Det kan i beste fall berre vere delvis rett.

Det hender  at ein tek på seg ein jobb etter nokon som har fått mykje vellæte for korleis alt har vorte utført. I utgangspunkteet kvir du deg for å gå inn i jobben etter eit slikt «åløkje» eller unikum, men du trøystar deg med kvart med at du får gjere arbeidet på din måte, og så får historia sin dom falle over deg også ein dag. Somme kjem med ein kommentar om at det er vanskeleg å fylle skorne  etter forgjengaren. Kven  har sagt at du skal gjere det? Du får gå i dine eigne skor.

 

2 Comments »

  1. Birgit Said,

    mai 10, 2011 @ 12:36

    Det var fine ord.

  2. Harald Petter Kalvatn Said,

    mai 10, 2011 @ 16:37

    Takk for kommentaren! Fint å få litt respons.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php