Om å gå i fotspor
Det vert stundom sagt at nokon går i fotspora til foreldra. Det er tøv. Ingen kan gå i fotspora til nokon. Du set sjølv dine spor. Sjøl om du går inn i det same yrket som faren din har eller hadde, så gjer du andre val. Du er ikkje ein kloning av foreldra dine. Jau, eg forstår kva folk meiner når dei seier det, men i praksis er det heilt uråd.
Eg har prøvd å gå i andre sine fotspor i snøen og merkar straks at fotspora bak er annleis enn dei som ligg framanfor. Sjølvom ein tek på seg skor av same storleik, greier ein ikkje å plante foten nett der ein skulle for ikkje å avsløre seg.
Overskrifta er eit døme på tilhøve som ikkje må takast heilt bokstavleg. Det kan i beste fall berre vere delvis rett.
Det hender at ein tek på seg ein jobb etter nokon som har fått mykje vellæte for korleis alt har vorte utført. I utgangspunkteet kvir du deg for å gå inn i jobben etter eit slikt «åløkje» eller unikum, men du trøystar deg med kvart med at du får gjere arbeidet på din måte, og så får historia sin dom falle over deg også ein dag. Somme kjem med ein kommentar om at det er vanskeleg å fylle skorne etter forgjengaren. Kven har sagt at du skal gjere det? Du får gå i dine eigne skor.

Birgit Said,
mai 10, 2011 @ 12:36
Det var fine ord.
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 10, 2011 @ 16:37
Takk for kommentaren! Fint å få litt respons.