Follabloggen

Velkommen til min blogg

Eit 50-årsminne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 23. november , 2013

JFK

I dag er det 50 år sidan skotet i Dallas, eit skot som fekk store følgjer. Korleis hadde det gått viss dette ikkje hadde hendt.

Eg sat på hybelen min i Volda om kvelden den 22. nov. 1963. Den gongen var det meir vanleg å søkje på radiokanalar og brått oppfatta eg nyhendet om at Jon F. Kennedy var skoten i Dallas, Texas. Som mange andre var eg fascinert av den unge presidenten i USA og mange hadde store voner til kva han kunne utrette. Han hadde halde store  talar, og han hadde visjonar. I ein tale hadde han sagt at USA skulle lande på månen før tiåret var ute.  Han hadde skipa Fredskorpset som skulle ha hjelpe fattige folk i utviklingslanda. Mange vil og hugse Cubakrisa som nær hadde ført verda ut i ein atomkrig.

Eg hugsar valkampen i 1960 då Kennedy vann over Nixon. Teikninga av Kennedy må eg ha laga på denne tida. Etterkvart har det kome fram at John F. også  hadde sine svake sider, men det var det ikkje fokusert på den gongen.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php