Hytter og hus I
Her er det både tradisjonelle stråhytter og eit meir «moderne» hus med bølgjeblekktak. Rundt tunet er det kaktusgjerde. Husa eller hyttene har ikkkje skorstein. Maten vert laga over open eld og røyken finn vegen gjennom taket. 
Det er stor byggjeaktivitet i landet. Over alt ser ein murbygningar under arbeid. Somme stader ser det ut som arbeidet har stansa opp. Stillas av staurar eller lange stenger er vanleg. Eg såg ikkje eit einaste stillas av den typen vi brukar. Trematerialane dei brukar må vere utruleg sterke, men det må også vere ein del «svinn» når det gjeld bygningsarbeidarar, for dette såg ikkje trygt ut.
Det vi vil kalle slum, er normale butilhøve for mange.


