Follabloggen

Velkommen til min blogg

På vegen i Etiopia II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 18. oktober , 2013

Etiopiaturen 200

Dei blå trehjulingane er det ustyrteleg mange av i landet. Bilane er kinesiske, men laga på lisens i Etiopia, i byen Nazaret som ligg sør for hovudstaden. Desse mopedbilane fungerer mest som drosjer. Privatbilismen er ikkje så vanleg, i alle fall ikkje utanfor byane. Det vanlegaste bilmerket er Toyota. Eg såg ikkje ein einaste Ford eller Volvo.

Etiopiaturen 299

Dette er den bussen vi reiste rundt i landet med, ein Toyota. Bussen hadde svært lite plass til bagasje, og vi hadde mykje bagasje å dragse på. Koffertane måtte opp på taket. Kort veg frå der vi skulle overnatte siste stoppet før vi var attende i Addis, såg vi brått at ein koffert heldt på å kome ned frå taket.  Han hang heldigvis fast i eit tau.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php