På vegen i Etiopia II
Dei blå trehjulingane er det ustyrteleg mange av i landet. Bilane er kinesiske, men laga på lisens i Etiopia, i byen Nazaret som ligg sør for hovudstaden. Desse mopedbilane fungerer mest som drosjer. Privatbilismen er ikkje så vanleg, i alle fall ikkje utanfor byane. Det vanlegaste bilmerket er Toyota. Eg såg ikkje ein einaste Ford eller Volvo.
Dette er den bussen vi reiste rundt i landet med, ein Toyota. Bussen hadde svært lite plass til bagasje, og vi hadde mykje bagasje å dragse på. Koffertane måtte opp på taket. Kort veg frå der vi skulle overnatte siste stoppet før vi var attende i Addis, såg vi brått at ein koffert heldt på å kome ned frå taket. Han hang heldigvis fast i eit tau.


