Ingeborg Ragna (1909-2008), tidleg barndom
Eg held fram med folket på Saure. Mor mi var barnebarn til Jørgen Berntson. Dei første åra var ho mykje inne hos besteforeldra. Grunnen var kan hende at foreldra trong avlasting, og her fekk ho nok ekstra omsorg. Ho var tvilling og søstera, Johanne, var truleg meir robust. Det var det andre tvillingparet i huslyden. Jørgen og Brit vart fødde fire år før. Mor og søstera var for tidleg fødde, slik det ofte er med tvillingar. Mor var så lita då ho var fødd at bestefar kunne tre gifteringen oppetter arma hennar, radt til skuldra. Eg har opplevd å bli far til fleire barn, men kunne aldri slik bestefar på Saure, halde den nyfødde i loven(den opne handflata). Det vert fortalt at besteforeldra byttest om å varme dei små inne på bringa. Den vesle Ingeborg vaks opp og fekk ei god helse.
Biletet må vere frå ca 1911. Besta held mor, og bestefar, Johanne. Jørgen står framfor bestefar og Brit ved sida av besta. Til høgre står Jørgen og Brit, gamlefolket på garden. Kvinna midt på biletet er Borghild Mork.
