Follabloggen

Velkommen til min blogg

Nytt år

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - torsdag 10. januar , 2013

Det er bra å vere i gang att med eit nytt år. No drog eg med meg ei forkjøling frå det gamle året. Eller kanskje det var » infulensa», som ein skreiv det.Då eg var heilt ung, grønskolling å kalle, kom eg med ein veslevaksen sukk til mor mi: «Eg grur meg til det nye året». Då vart ho smått forskrekka. Har gløymt kva tungsindige tankar eg bar på. No ser eg at det kan vere eitt og anna å gru seg til, men sanneleg er det noko å sjå fram til og i det nye året.    Best har eg det når eg slepp å tenkje på alt det som skal endrast på. Kva las eg ikkje i dag? Framlegg om at ein må til lensmannen for å bli gift. No ja, i dag er det visst dei færraste som bryr seg med å gå til nokon for å bli gift. Kyrkja er ikkje  bra nok lenger. Ho kan velsigne, men ikkje seie at ein er rette ektefolk. Av og til må eg stemme i med Obstfelder: «Her er saa underligt. Jeg er visst kommet på en feil Klode». Får vone at dei gamle «reglane» i alle fall gjeld til jonsok.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3 Comments »

  1. Idunn Said,

    januar 10, 2013 @ 20:02

    Prøvde å skrive ein kommentar ein dag, men den kom ikkje fram. Skal tru om denne kjem fram?

  2. egil Said,

    januar 10, 2013 @ 21:08

    Godt nytt år! :)

  3. Håvard Said,

    januar 10, 2013 @ 23:27

    Gode poeng:) Velkommen til kyrkjebryllaup 22.juni!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php