Follabloggen

Velkommen til min blogg

Jul i heimen

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - lørdag 29. desember , 2012

Det er framleis jul. Eg kan dokumentere det. I år fann eg det perfekte juletreet. Såg det straks det var kome på foten. Det vart også slege fast av ein svigerson som har særleg sans for symmetri og estetikk. Er grana stygg slik ho var  i fjor, er det ikkje vits å gje det vatn. I år derimot, er eg påpasseleg med å brynne  den. Kanskje treet kjem til å vare like lenge som krumkakene? Treet står der, men er det berre det som gjer at det er jul 28. desember? Begge klaffane er på plass i bordet, og tre generasjonar tek plass når det er måltid. «Har de huset fullt?» spør folk. Det er mykje godt i jula. Matpause har ein eigen definisjon denne tida. Det er tida mellom kvart inntak av mat.

 

 

 

 

 

 

 

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    januar 7, 2013 @ 21:05

    Takknemlege julegjestar tenker tilbake på ei lun og fin julefeiring med kjekke folk og gode matpausar mellom utsøkte måltid :-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php