Follabloggen

Velkommen til min blogg

Bøker i posten

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. november , 2012

Det er ikkje daglegdags at vi får bøker i posten. Vi må sjølvsagt tinge bøker for å få dei postsende. I dag gjaldt det berre ei av bøkene, «Ordbog over det norske Folkesprog», skriven av Ivar Aasen.

Mest pris sette likevel kona og eg på kassa med bøker som kom, i alt 20. Vi skal prøve å selje desse bøkene her i bygda og rundt omkring. Det er litt rart å ha ein forfattar  i familien. Vår førstefødde har gjeve ut ei bok, og vi synest sjølvsagt at boka er leseverdig.

Mange har lese tekstene tidlegare , eitt stykke for kvar dag, har vore på nettet som bloggar. Eg trur mange vil ha glede og nytte av å lese Siri si første bok. Dei som kjenner Siri sine nære slektningar og vennar vil også finne mange av desse nytta som illustrasjonar i boka.

Eg trong no ikkje skrive at vi fekk ordboka til Aasen i posten. Debutboka til Siri er ikkje på nynorsk, men ho er leseverdig, ei bok for både hjarte og tanke. Tittelen er : Videre, med undertittel: Dypere, lengre høyere.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php