Bøker i posten
Det er ikkje daglegdags at vi får bøker i posten. Vi må sjølvsagt tinge bøker for å få dei postsende. I dag gjaldt det berre ei av bøkene, «Ordbog over det norske Folkesprog», skriven av Ivar Aasen.
Mest pris sette likevel kona og eg på kassa med bøker som kom, i alt 20. Vi skal prøve å selje desse bøkene her i bygda og rundt omkring. Det er litt rart å ha ein forfattar i familien. Vår førstefødde har gjeve ut ei bok, og vi synest sjølvsagt at boka er leseverdig.
Mange har lese tekstene tidlegare , eitt stykke for kvar dag, har vore på nettet som bloggar. Eg trur mange vil ha glede og nytte av å lese Siri si første bok. Dei som kjenner Siri sine nære slektningar og vennar vil også finne mange av desse nytta som illustrasjonar i boka.
Eg trong no ikkje skrive at vi fekk ordboka til Aasen i posten. Debutboka til Siri er ikkje på nynorsk, men ho er leseverdig, ei bok for både hjarte og tanke. Tittelen er : Videre, med undertittel: Dypere, lengre høyere.
