Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ei reine

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 26. oktober , 2012

No er det ei stund sidan eg skreiv om eit ord eller omgrep. Ordet i dag  er substantivet «reine». I Lofoten finn vi tettstaden Reine i Moskenes kommune. Reine finn eg  ikkje i ordbøkene anna enn i samansetjinga åkerreine. Ei åkerreine er ein jordrygg i nedre kant av ein bratt åker.

I mi heimbygd er det ein gard som ligg på ei reine. Vi kunne seie: Han bur inne på Reina. Då visste alle at vi snakka om ein gard som låg og framleis ligg i sørenden av vatnet. Reina er i dette tilfellet truleg ein morenerygg. Det gjev ikkje meining å seie at garden ligg i nedre kant av ein bratt åker.

Eg skulle gjerne visst kva namnet Reine i Lofoten tyder.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php