Ei reine
No er det ei stund sidan eg skreiv om eit ord eller omgrep. Ordet i dag er substantivet «reine». I Lofoten finn vi tettstaden Reine i Moskenes kommune. Reine finn eg ikkje i ordbøkene anna enn i samansetjinga åkerreine. Ei åkerreine er ein jordrygg i nedre kant av ein bratt åker.
I mi heimbygd er det ein gard som ligg på ei reine. Vi kunne seie: Han bur inne på Reina. Då visste alle at vi snakka om ein gard som låg og framleis ligg i sørenden av vatnet. Reina er i dette tilfellet truleg ein morenerygg. Det gjev ikkje meining å seie at garden ligg i nedre kant av ein bratt åker.
Eg skulle gjerne visst kva namnet Reine i Lofoten tyder.
