Elvatitre
Elvatitre viste seg å vere Noregs nasjonalfugl. I heile min oppvekst vart det berre snakka om denne elvatitra som flaug i låg høgd over elva og laga desse karakteristiske lydane, ei titring om du vil. Trur ikkje eg la skikkeleg merke til den svarte og kvite fuglen før eg flytta til Sunndalen og såg han ved stryka i Sunndalselv.
Her var ein fugl som skreik slik, men det var lenge før eg vart klar over at det måtte vere hakkespetta. Hakkespetta er ikkje berre trommis, ho kan lage skrikelydar også, nesten som ei av finalistane i Baku.
Typisk at eg ikkje greier halde meg til overskrfta. Hakkespetta og fossekallen går ikkje i hop, dei opererer i kvar sine biotopar.
Eg freistar framleis å orientere meg i den verda eg er sett inn i, prøver å utvide mine kunnskapar. Kan hugse eg fekk greinalause svar når eg spurde etter namn på plantar heime i farsgarden. Det gjekk sjølvsagt i gras og ugras, noko eg var lite nøgd med. No er eg litt urettvis for det vart skilt mellom timotei og kløver, og suregras.
