Kvisl
Kvisla er eitt av min barndoms stadnamn. Ei kvisl er ein stad der ei elv deler seg eller der to møtest. Slik eg hugsar Kvisla, rann vatnet roleg, vart mest som ei bakevje også. Eg søkte litt på nettet og det var svært mange islandske treff. Kvisl finn vi også brukt i Ynglingesoga i Heimskringla for ei ei elv som vart kalla Vanakvisl, området der vanene budde. Kvisl tyder eigenleg grein nærslekta med ordet kvist.
Sunnmørsmålet har eit utval av lydar som i stor grad held på å gå ut av bruk. Desse lydane gjer ikkje at tilsvarande ord i andre dialekter har anna tyding, men det vert meir det vi på fagspråket kallar allofonar, variantar av fonema (minste meiningsberande språklyd).
I samband med kvisl er det ein uttale av sl-lyden som er vanskeleg å transkribere. Det er ein slags vislelyd der ein under uttalen lagar lyden bak ved tunga. Vislelyd lagar ein vanlegvis ved tungespissen. Det er kanskje ikkje presist å kalle den spesielle lyden for vislelyd det er meir som varsame «eksplosjonar». Ein liknande lyd laga dei her i fjorden når dei uttala ordet hasl (hassel) og fatle (fasle).
