Komfyren

16. des,

Eg er så gammal at eg hugsar tida då maten vart kokt på ein vedomn, ja, endå til brød vart steikte der. Kan minnast at ein måtte følgje litt godt med på prosessen så ikkje brøda vart svartbrende. Hende det likevel at dei vart svidne, måtte vi ete skivene og med den trøysta at vi fekk god songstemme av dei svarte skorpene.

For min del var dette ei kort periode, for tidleg på 50-talet fekk vi elektrisk komfyr. Denne komfyren hadde ein klump på bakre plata. Der var eit magasin og dette magasinet låg under plata. Eg hadde ikkje noko innsikt i bruken av denne plata, men eg skjøna at ho hadde større varmekapasitet. Det var mange år  før vi fekk varmtvasstank slik at alt varmevatn måtte kokast på denne omnen. Kan tenkje meg at denne plata gjerne vart brukt til å skaffe varmevatn.

I dag har vi i vårt hus to komfyrar. Når kona lagar brød, hender det at vi brukar begge omnane. I eit anna hus, gamlehuset, har vi også komfyr. Som alt anna vert også komfyrar for gamle og eitt eller anna sviktar. Då er det tid for utskifting. Det skjedde i dag. Ingen ny komfyr, men ein pent brukt til 200 kr. Så får vi vona at  turistane våre set pris på ein ny gammal Grepaomn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.