Bygd i krise

15. des.

Byane veks og bygdene vert utarma. Dette er ikkje ei overdriving. Dei fleste unge som har fulltført vidaregåande utdanning finn vegen til byane. Dei fleste i bygda. her er pensjonistar. Alle må forstå at dette ikkje kan halde fram stort lenger. Stoda har lenge vore stagnasjon, og det vi no ser er tibakegang.

Austefjorden er no snart ribba for alt. Det er siste året med skule i bygda, og det er ein bitter strid om kvar elevane skal gå. Kommunestyret har bestemt at alle elevane skal til ein skule som foreldra går i mot fordi det vil føre til ein umogleg kvardag. Dei yrkesaktive i bygda reiser på jobb i retning Volda, medan politikarane vil sende elevane til Grodås veg. stikk motsett.

Bygda treng at fleire finn vegen attende til bygda for dette går ikkje stort lenger. I dag er her nesten ikkje arbeidsplassar så dei som bur her må pendle. Fleire born og unge vaksne vil gje nytt liv i bygda.

Det finst dei som vil tibake til bygda, men møter eit strengt regelverk når det gjeld kvar dei kan få bygge. Vernet om dyrka jord er sterkt og kompromisslaust. Samstudes ser vi at nesten ingen gardar vert drivne av dei som bur på gardane. Det meste av graset vert slege, rundballa og selt til bønder som driv stort og gjerne må køyrast ut av bygda. Dei som bur i husa er anten pensjonistar eller folk som bur her, men arbeider utanfor bygda.

No er det på tide at dei styrande vaknar og tek konsekvensen av den sørgjelege utviklinga. Levande bygder er avhengig av at det vert lagt til rette for at folk kan få bygge på bygda. Dette må bli eit mål i det nye året.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.