Jol

9. des.

I går las eg ein artikkel om kva ord jul kjem frå og det er ikkje berre enkelt. Dei som studerer opphavet til ordet jol, prøver å finne ut kva ordet har utvikla seg frå. Då må ein til dømes studere urgermansk. Då er det snakk om fleire tusen år.

Jol er den nynorske forma medan det på dansk heiter jul. I praksis har det vorte jul også for dei fleste  nynorskbrukarar. Jula var som vi veit ei heidensk feiring og var nok først og fremst ei markering og ein fest i samband med «solsnu» og nyttår. Artikkelen eg las er skriven av Gunnstein Akselberg kjend frå Linda Eide sitt «Språsjov». Han har ei grundig utgreiing der han dreg fram kva korleis  ordet jul har vore skrive i språk vi er i slekt med. Det er artig at det på nyengelsk kunne heite yule tide. Så veit vi at engelsk har kristna tittelen til Christmas.

Det har elles vore ei gjengs tolking at jul kunne ha samanheng med hjul, og med det peike på solsnu. Det er fleire teoriar om det etymologiske i ordet og eg finn det ikkje tenleg å trøytte eventulle lesarar med fleire teoriar.

Viss ein skulle konstruere ei ny og kristen nemning på høgtida kunne det vere Kristi fødselsfest. Eg trur ordet jul vil halde seg. Det er eit ord som samlar alle sjølv om ein ikkje heilt veit kva det tyder.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.