Haust

Hausten er ei spennande tid. Det er ei tid då ein kan vente stormar, masse regn og dei første snøfluksene. Alle årstidene kan by på overraskingar. Som no siste dagane, overgangen til oktober. Då kunne ein vente rimfrosne marker. Istaden fekk vi temperaturar oppunder 20 grader. T-skjortever med andre ord.

Denne hausten fekk vi noko nytt som mange har undra seg over, ein grå dis som ikkje er skodde.  Meterologane har ei forklaring: Det er støv frå Aust- Europa, frå landbruket, frå åkrane. Dei søraustlege vindane har ingen respekt for landegrenser. Det er nett som då vi fekk atomstøvet frå Tsjernobyl etter brannen i atomkraftverket der. Vindane og veret har vi ikkje kontroll på.

Hausten har mange fargar. Somme går i fjellet heile året. Sjølv synest eg fjellet, ja, heile heile naturen er særleg vakker om hausten.

Det er haustferietid og biletet under er frå ein familietur sist veke.

 

 

 

.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.