Dagens «duatlon»

Ved frukosten i dag fekk eg det vanlege spørsmålet frå min betre halvdel: «Kva plan har du for dagen? Vert det sykling, biltur evt. m. innlagt sykling, fottur til fjells eller på vegen, eller kanskje tur med båten?»

Etter ein halv time hadde eg eit framlegg som straks vart akseptert: Sykkeltur! Sidan dette vart første sykkelturen i år, vart det litt førebuing, men  etter nok ein halvtime rulla vi mot mi gamle heimegrend. Kort pause på Kalvatn der bror og svigerinne var så nedsylta i forkjøling at det var best å sykle vidare mot Bueide.  Å seie at veret  var strålande, er sjølvsagt ein klisje, varmt og godt med bris frå aust. Komne til Bueide reiste spørsmålet seg: Vidare ferd mot Hjørundfjorden eller retur? Dagens sjef hadde eit framlegg klart: Vi går vegen opp til Kvivssetra! Ingen protest frå den gode halvdel og dermed vart det labbing opp bakkane.

Eg hadde eit ønskje om å posere på den gamle steinbrua, eit minne om mine fordums setreturar til Kvivssetra. Den gamle seterråsa frå Nøre Kalvatn er nok attgrodd.

Turen gjekk sjølvsagt vidare til støylen der vi helsa på ein saueflokk  før vi hadde ein enkel lunsj. Sjå der kom bonden på Bueide på søndagstur til støylen saman med ei venninne. Borte i Stongabakkane gol gauken. Etter litt prat om laust og fast, tog vi fatt på returen. Fleire lemenlik på vegen. Lemenår?

Neste stopp var Månaneset der eit hus er under bygging og snart innflyttingsklart. Kjempebra å få meir folk i grenda her. Magne og kona som bur i Sykkylven, har hytte like ved. Vi vart inviterte dit og fekk kaffi og kaker på verandaen. Kjekt også å få sjå innandørs.

Så rulla vi, sveitte og nøgde med dagen, heim til Sunndalsfolla.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *