Eksenterboltar til «besvær»

For nokre veker sidan stifta eg kjennskap med eksenterboltar, eksentersnekker, diverse skruar og trepluggar. Akkurat, eg monterte møblar ut frå flatpakkar frå IKEA. Med litt plunder enda det med suksess. Ikkje ein einaste detalj mangla i dei rikhaldige posane som følgde med.

Verre vart det no då vi skulle fornye vårt eige møblement. Det starta med innkjøp; les tinging med opp til 8 veker før levering. No ja, det er ikkje IKEA her i nærleiken, men den eine produsenten held no  til på Bergenskanten.

Men du verda! Her kom det melding om at den nye moderne TV-benken kunne hentast. Han kom i hus same dagen, og vi kunne forlyste oss med montering av flatpakken. Mest som  IKEA. Nei, stopp! Her mangla det fire eksenterboltar! Vi talde og talde, men 4 vert ikkje til 8 same kor du tel. Her ligg det ufullstendig samansett TV-benk på stova og ventar på fire smådelar.

Jau, vi ringde straks dagen etter, til møbelforretninga. Dei hadde ikkje sett kva som låg inne i pakken så dei ringde til produsent. Så fekk eg ein telefon frå produsenten, ikkje direktøren, ikkje snikkaren, men ein eller annan tilsett som kanskje hadde vore med på pakkinga.

I dag, to dagar etter at eg ringde, kom det ein liten pakke. No skulle det monterast! Men nei, her kom det fire eksentersnekker. Eksentersnekke er ein mutterliknande sak medan eksenterbolten er ein slags skrue. Kasta meg sjølvsagt over mobiltelefonen og fekk kontakt med fabrikken. Først ei dame og så ei anna som fekk informasjonen. Ikkje ho eg hadde snakka med for to dagar sidan, og som tydelegvis hadde misforstått. Det kjem til å ta meir enn to dagar no! Sidan det er torsdag og det ikkje er post på laurdag, kjem det nok først ny pakke tidlegast tysdag.

Eg har som alle andre ein tendens til å kome på betre løysingar i ettertid. Sjølvsagt skulle eg ha bedd om ei epostadresse. Så kunne eg ha teikna kva som mangla og skrive istaden for å snakke i telefon.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.