Kommunesamanslåing- ei ulukke for distrikta
Ei drastisk samanslåing av norske kommunar vil bli ei ulukke for lokaldemokratiet. Eit vilkår for eit levande lokaldemokrati, er at vi kjenner oss knytte til eit lokalt sentrum, eit sentrum som også har vitale og naudsynte funksjonar, det kan vere ein bank, eit godt tilbod innan handel, gjerne ein aldersinstitusjon, vidaregåande skule og gjerne ei lokalavis.
I ein del tilfelle kan det vere fornuftig å slå saman kommunar. Det kan vere når to kommunesenter ligg svært nær kvarandre og der det er stor vilje mellom folk til ei samanslåing. Eit samanslåingsprogram der staten teiknar kommunekartet, er dømt til å mislukkast. Det siste året har eg sett utspel der ein vil lage ei kommune av heile Sunnmøre. Eg synest alle må forstå konsekvensane av ein slik struktur. Då veit vi at det vert ei storstilt nedlegging av bygdeskular og nærbutikkar.
Ein kan godt snakke fint om kor viktig det er at folk engasjerer seg politisk og brukar røysteretten ved val, men dette opplever eg som tomt prat viss ein ikkje tek utangspunkt i at vi skal ha levande bygdesamfunn og sentra. Resultatet av ei drastisk kommunesamanslåing, vil truleg bli ei endå sterkare sentralisering.
Til hausten er det kommuneval og då veit eg at det vil vere mange røystelokale rundt i kommuna vår. Viss det går slik samanslåingsentusiastane vil, kjem det kanskje til å bli berre eitt lokale per ca 20 000 røysteføre ved neste val. Eg veit nemleg at eit av dei viktigaste argumenta for samanslåing, er å spare pengar. Eit anna er at vi skal bli robuste.
